Naboane har fått kaninungar. Dei er no to viker. No når eigarane har fåre, har eg tatt ansvaret for dei og katten. Til sammen ti kaniner. Sju kaninungar.
I dag for vi til Ørsta for at nokon skulle sjekke bilen. Eg og mamma for på Amfi.
Vi kjøpte ein dongeridkjole, ein tights og ein bikini til meg.
Blå tights har eg vore ute etter lenge , så det var noko eg skulle ha. Bikini må eg nesten ha når eg skal til Örebro neste veke.
Og dongeridkjolen måtte eg berre ha.... Den var størrelse 34. Mamma må berre sy noko på den så den er liten nok. På dyrebutikken kjøpte eg ni gnagarsteinar pga. at butikken skal leggast ned. Tre av dei til nabokaninene.
--
Eine kaninungen var utrulig lys, som de ser på bildet. Foreldra er svarte, så det var litt rart.
(Faren litt brun også, men ganske svart og viltfarga )
3 kommentarer:
No må du få svarte bokstavar! Dette vart vanskeleg å lese....
Eg greidde å lese innlegget ditt når eg hadde på meg nye-brillene mine. Men det er lettast å lese mørke bokstavar på lys bakgrunn.Kaninungane var veldig søte!!!!!
Eg klarte det heilt fint, men mørke bokstavar er lettare å lese. Nydelege kaninungar!
Legg inn en kommentar