fredag 26. juni 2009

Bø i Telemark og Langedrag.

Bø i Telmark
Med korpset var vi i Bø frå fredags morgen ( oppmøte klokka 05 15 ) til Søndag. Laurdag og søndag var vi i badeland der. Eg tok Mot i brøstet, men ikkje magasug. I den brattaste bakken i mot i brøstet var det eit kamera som tok bilete av oss. Eg og venninna mi som tok den samtidig flirte , så begge lo på bildet med gjenn auge... Vi tok gjenn auga fordi det kom vatn i fjeset litt før han tok biletet. Så det biletet har eg ikkje lyst til å ha ut på bloggen.
For dei som ikkje har fått det med seg: Mot i brøstet er europas største berg-og-dalbane undet vatn. DVS: Ikkje undet vatn, men vi sit i båtar med vatn under. ( To og to )
Magasug = ei veeeeldig bratt sklie! Går omtrent rett ned.
Søndags ettermiddag for vi til Langedrag.
Langedrag
Der var vi 1066 meter over havet. Vi såg mange dyr der. Blant anna: ulv, rev, gaupe, okse, moskus, elg, ponni, villkanin, geit, og ett eller anna eg ikkje hugsa navnet på. Eitt eller anna med gevir.
På mandagen stod vi opp klokka halv sju for å bli med på morgensteller av dyra. Eg fikk bli med på å melge geitene.
Etter på fikk vi bli med på voltige på fjordingane. Det var morosamt.
Etter det var det ei dame som viste oss (og alle gjestane ) alle dyra der.
Der var mange ulvar. Men der var tre tame ulvar også. Dei levde for seg sjølv. Ein mann gjekk inn til dei og hadde ei vafle i munnen, så kom ulven og nappa den vekk.
Vi for frå Langedrag ca. klokka fire-halv fem.
Klokka halv to på natta var vi på Hareid. Eg for på skulen klokka ti på siste skuledag ( 23.6.) , for eg trengte litt søvn.

Ingen kommentarer: