Dei som har vore der vi har kanoen, veit sikkert kvar det er. Vi grilla der i fjor med søskenbarna våre iallefall. Vi var der og bada i forgårs. Då padla vi i kanoen også. Vi dreiv og diskuterte navn. Eg dreiv og snakka. Plutselig greidde eg å seie kanonen i steden for kanoen. Pappa synest den skulle heite det. ( Kanoen heite det, altså ) Men det var vel mest ironi. I dag var vi der igjen for å bade. Vi kunne ikkje padle der i dag for pappa fikk strekk i foten i går på fotballtrening. Det var ganske kaldt. Men det hadde vorte varmare sida vi var der i forgårs.
Vi bygde kvar si hole/grop eller kva eg skal kalle det. Det gjorde vi for vi skulle ha ein varm plass å vere. Fordi det kjem heile tida kaldt vatn pga. små bekkar og elvar.
Om ikkje så lenge skal vi fram å sjekke om der har vorte varmt vatn i holene/gropene.
--
DVD
Eg trur ikkje eg skreiv det i går, men vi har kjøpt oss dvd ( sånn med skjerm ) til å ha i bilen når vi skal til Ørebro. Vi kjøpte dei i Ørsta i går.
Vil gjerne vete om andre har det også....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar