lørdag 11. september 2010

Lenge sidan sist eg blogga.  Eg har aldri tid.... og når eg først får tid, har eg ingenting å skrive om.  Men i dag skal eg skrive eit innlegg.  Eg veit ikkje kor langt det blir...
---
Biletet er nokon dagar, men det viser Marlon i pelsskifte.  Den grå pelsen er vinterpelsen og den lange, brune er sommarpelsen som held på å dette av.  No har han mista meir.  Eg likar vel eigentleg best den brune pelsen.  Har aldri hatt ei kanin som skiftar farge etter årstid..... iallefall ikkje så mykje.



Viss nokon lurer på kva som er forskjellen på Pelle og Brutus, så er Pelle tamare og fargen er litt forskjellig på dei. 

Pelle er her ofte og forskyn seg med kattemat.  Han  er her på dagtid, nokon gongar rett etter skuletid.  Eg veit ikkje kor bra det er.  Eg matar dei med kattemat og vatn.  Dei skal ikkje ha mjølk, noko som er farlig å gi dei.  Dei kan få litt laktosefri mjølk, men eg trur det er best, enklast og billigast med vatn.






---
Denne veka har eg vore sjuk.  Har vore vekke frå skulen ein og ein halv dag.  Eg har derfor ikkje vore på trening, kamp eller korps.  Eg for på skulen på onsdagen.  Då var vi på fjellet.  Vi gjekk på Holstadhornet og Skafjellet.  Vi gjekk ei lita gruppe uten lærar på veg heim.  Det førte til at vi gjekk oss ville.  Etter to timar var vi nede.  Hadde vi gått opp Holstadhornet først, hadde det sikkert ikkje tatt meir enn 50 minutt.  Men det var jo litt gøy, då.  Vi møtte på ein orm også.
---
I går var eg på tensing.  Eg  begynte der i år.  Og har berre vore der eit par gongar.  I går var vi på miljøkveld.
---
Eg får skrive meir seinare får eg har ikkje meir å skrive om.  Ha det! :-)

Ingen kommentarer: