tirsdag 21. september 2010

Øyreverk


Marlon
 Eg har gått fleire dagar med sterkt øyreverk i eine øyra.  Eg har fått sove lite om nettene osv..  I dag var eg hos doktoren.  Han skjekka først den eine øyra der eg ikkja har låkt, så drog han i øyreflippen.  Det var ikkje låkt.  Så skjekka han hi øyra (når han skjekka brukte han eit eller anna slags rart instrument eller kva eg skal kalle det..) og så drog han i øyreflippen.  Det var iallefall låkt.  Det var låkt veldig lenge også :-S  Men han fekk iallefall skjekka at eg har øyrebetendelse i øyra.  Ytre øyregongsbetendelse. Eg har fått dropar som eg skal bruke tre gongar dagleg (inni øyra)  .  Noko gult som ser ut som øyrevoks, hehe.   Dropane gjorde meg av ein eller annan grunn veldig slapp og eg har ømme musklar (viss det er det det heiter)...  Eg kan ikkje bade eller bløyte øyrene på to veker.  Eg anar ikkje korleis eg klarer å vaske håret utan å få vatn i øyra.  Tips? Ja, for eg må jo vaske håret i dei neste to vekene, selfølgelig.

---
Ludde har begynt å bli verkeleg tam til tider.  Og har begynt med nokre Nusse-ting.
Bilete av Marlon var heilt tilfeldig.  Tok det i helga.  Likte det eigentleg godt ;-)

3 kommentarer:

Besta sa...

Det er sikkert veldig låkt å ha øyreverk, eg har hatt det berre ein gong, og då var eg fem år. Morfar seier at du kan ha smør i øyret når du dusjar, men eg vil foreslå "sov i ro" eller plastilina. God betring.

arieldog sa...

Øyreverk er veldig låkt, ja! Håper du blir fort bra! Fint kaninbilete, forresten.

Anonym sa...

Gå til frisøren å be om hårvask kanskje?