fredag 18. juni 2010
Klokka fire skulle vi hente henne. Vi køyrde akkurat fire slik at fergekøa (fergekøen?) kom akkurat. Eg var ikkje akkurat full av tolmodigheit... Då vi kom klatra dei litt rundt om kring og gøymde seg og sånn. Dei vart lokka fram med mat. Nesten litt trist når ho blei skilt med mor og sysken. Men eg gledde meg jo til å få henne med meg heim. Ho sat på fanget mitt då vi for heim med henne. Ho var litt redd for å sitte i bil, men gav ikkje frå seg ein lyd. Då eg kom fram med henne satte eg henne oppi dokassa hennar, og ho begynte å grave med ein gong. Ho har fått velge mello boksmat og juniormat (blanda med vatn). Ho smakte på begge deler, men eg trur ho likte best boksmaten. Eg har ikkje sett henne drikke, men vatnet er jo der uansett, så.... Ho har mange leiker , men ho likte best musa. Etter at eg leika mykje med henne, tok ho seg mat og til slutt ein blund på stovegolvet. No er ho på rommet sitt (ho har eit eige rom). Eg ska gi henne litt fred no, så kan eg holde på med henne litt etterpå.
Sjå ! Kor søt :)

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Gratulerer så mykje - ho er verkeleg søt!
Lucy er veldig søt-og eg trur ho kjem til å få det godt på Gjerde.
Du må ha lykke til med oppdragelsen.
TakkTakk!:-)
Legg inn en kommentar