torsdag 17. juni 2010

KATTUNGEMAT (KATTUNGEPRAT)

Vår lille pus kjem i hus i morgon.  Eg gler meg, og har sikkert sagt det 579 gongar.  Eigaren anbefalte juniormat.  Der var to forskjellige typar i butikken.  Vi valgte den som er på biletet: FRISKIES.  Om det ikkje er heilt den dei brukar får det berre vere sånn.  Men eg trur det må vere denne.  Kanskje du forstår det--> Det er kattungemat.  Denne maten skal vi blande med litt lunka vatn og la det stå ca. 15 min, om eg forsto rett.  Kattungemat er mindre bitar og inneheld ting som gjer at katten vil vokse osv...  (Haha, katten veks jo vel uansett, men samma det).  Vi har kjøpt anna mat også, b.a. boksmat av forskjellige typar (våtfôr i hermetikk) .  Vi skal gi katten litt forskjellig så den blir van med forandringar eller slik at den ikkje et berre ein sort og ikkje vil ha noko anna. 
---
Det kjem sikkert ein heil masse bilder i morgon eller laurdag! Hade.

4 kommentarer:

Besta sa...

Kattemat er visst blitt ein heil vitenskap. Eg har mistanke om at det er nokon som tenar pengar på det. Før gav vi kattane den maten vi ikkje åt opp sjølve:melk, fisk,poteter saus osv. Og kattane åt og treivst. Når katten blir litt større kan du lære han å ete vanlig mat.Forstår godt at du gler deg til å få den søte kattepusen! men du må no ikkkje gløyme å stelle med kaninane!

Olaug sa...

Nei, eg gløymer ikkje kaninene mine :-) Då eg fekk Marlon var eg så redd for at Nusse skulle bli sjalu, at eg var mest med Nusse.... Eg har gjort reint hos kaninene i dag sia eg sikkert ikkje rekk å gjere det i morgon... Friskies har høgast pris i følge VG-lista, så må nok gå over til noko billigare, men kvaliteten er vel kanskje viktig. Litt fiskebollesaus e sikkert godt for katten. Melk skal den ikkje ha.

arieldog sa...

Forstår godt at du gler deg! Endeleg skal du få katt! Eg hugsar veldig godt korleis det var å endeleg få seg hund etter å ha ønska og masa i 1 1/2 år...

Besta sa...

I gamle dagar fekk alle kattar melk og fisk m.m. Morfar lurer seg til å gi Nusse melk av og til, og når han sløyer fisk har han alle nabokattane rundt seg.Men det er sikkert lurt å gi KOKT fisk.
Det eg meiner er at ein ikkje treng å kjøpe så mykje kattemat, men gi dei restar av vanlig menneskemat.