mandag 6. april 2009

Nusse i regn, ny data (min) og musematte







































På laurdag, rett før eg skulle på minikonfirmant og å overnatte, fekk eg Einar sin gamle data. Eg skulle eigentleg betale for den, men eg slapp viss eg skulle gjere mange tjenestar for han... Det var sjølvsagt ein bærbar ein. Den var ganske treig, men den var berre til å ha sims på. Der er internett, msn, world skriveprogram og slikt innpå, men eg har simsspela mine på fordi dei ikkje er på denne vanlege dataen eg sit med no.
Eg hadde i løpet av dagen hatt ut Nusse i uteburet slik han kunne lufte seg og springe og slikt. Mens eg satt og spelte sims på dataen min, synest eg det vart litt mykje lys på skjermen, så eg tok gjenn gardinene. Imens eg satt der hadde det pøsregna. Håkon sa det var middag og eg avslutta spelet. Mens eg var på veg, spurde pappa om eg hadde tatt inn Nusse. Eg sa nei. Eg kom ikkje på å sjå ut vindauget. >
Eg var straks på veg ut til Nusse. Han var våt, så han fekk vere på vaskeromet så han kunne bli varm mens vi åt. Vi høyrte mykje lydar og slikt mens vi spiste. Når vi var ferdige med å ete, tok eg ein handuk rundt han og tørka han. Tok nokre bilete, men under eine biletet hoppa han rett ut på golvet. Han for hunder sofaen, ( som vanleg ) så eg måtte få tak i han. Eg bestemte meg for å berre sitte heilt roleg i stolen heilt til han kom fram. Han kom fram like etter og begynte å snuse rundtom. Eg var snar og måtte nesten ta han med makt for å få han opp.
Men eg fekk han ut. Eg satte meg i stolen igjen. Eg høyrde mamma snakke om at ho skulle ut i Ulsteinvik, og eg ville bli med.
Eg ble med også. Eg avslutta simset på dataen min og skreiv "musematte" på handa mi.
Ut i vik kjøpte vi litt av kvart. På CappAhl var det salg. Der fekk eg meg undertøy, nattkle og ei t-skjorte. På dyrebutikken kjøpte eg ein billeg gnagarstein til Marlon. Eg fekk også ein Wendy-kopp som var på salg på ein annan butikk. På blåhuset var det MANGE butikkar som var stengde! Vi var innom veldig mange butikkar i dag. Men kjøpte ikkje noko på alle!
Eg sa vi måtte innom bokhandelen så vi kunne kjøpe ei musematte til meg.
Der kjøpte eg meg ei billeg musematte til dataen min for mine eigne pengar. Noko av dei andre tinga ôg kjøpte eg for mine eigne pengar.
Mens vi var på Blåhuset, vart eg veldig tørst. Nokon daga før hadde eg nesten besvimt, så eg var litt redd for at eg skulle gjere det i dag. Eg fekk meg reint vatn på Meny etter kvart.
Når eg kom heim merka eg at det hadde komt ein ny måte til å feste gnagarsteinen på. Det har homt ein gul dings bakpå gnagarsteinen som skal festast til nettingen.
No har eg vel brukt nok tid på dette innlegget! ;)
( PS: Kanskje det er litt feil med innlegget... Det vart litt problem når eg skulle leggje ut bileta. )

3 kommentarer:

Besta sa...

Det er veldig kjekt å lese bloggen din for du er så flink å skrive. Men kan du ikkje ha ein mørkare farge på bokstavane, eg har litt problem med å sjå kva der står.

arieldog sa...

Fine kaninbilete!

Olaug sa...

Ja, eg skal ta anna farge på bokstavane :)