onsdag 1. april 2009

1.april




På skulen i fjerde time, lurte læraren våra oss. Ho sa at vi dessverre måtte ta BCG allikavel. Og at vi skulle ta den etter femte time. ( BCG er ei vaksine som mange seier er veldig låk og som ein skal ta i 7. eller 8. klasse ) Det er bestemt at ein ikkje skal ta BCG lenger på grunn av at ein kan få sjukdommar av den. Men ho sa at vi skulle ta den allikavel. Alle var ganske forskrekka. Det var til og med nokon som begynte å bli bleike. Eg har sprøyteskrekk, så eg greidde ikkje å tenke klart nok til å finne ut at det berre var ein aprisnarspøk. ( Alle trudde på det )
Nusse var inne seinare på dagen og kosa seg mykje!


3 kommentarer:

arieldog sa...

Haha, det var ein god spøk! Eg var glad eg hadde fridag på første april, for eg likar ikkje aprilsnarr...

Besta sa...

Beste aprilsnarren mens eg var på Velle var då elevane kom inn etter friminuttet og ropte og skreik til lærarane sine at eit fly var crasha i eit tre på skuleplassen. Ingen lærarar trudde på dei, sjølvsagt! Men så var det sant!Eg var ute og hadde vakt så eg såg det. Det var eit lite privarfly, og piloten var uskada.Trur du læraren din hadde trudd på det viss de fortalde noko slikt? Og var det eigentleg ein aprilspøk?

Olaug sa...

Haha :-D