Orkan:O
I natt var det orkan. Det var ganske skummelt med tanken på at Nusse var ute... Eg hadde lyst til å ha han inne, men pappa sa det var bedre for han å vere i sitt eige hus. Eg var sjølvsagt ikkje enig. Eg låg i senga og tenkte på han, og i elleve tida; sto eg opp og såg ut vindaget om det gjekk bra med han. Og så la eg meg etterkvart. Og når eg vakna hadde eg gløymt alt. Og så spurde pappa om eg hadde sett etter Nusse- men det hadde eg gløymt. men han var frisk og rask. Han hadde gnagd veldig mykje i natt. eg veit ikkje kvifor...
1 kommentar:
Her var det også veldig stygt ver natt til sundag, men vi sov godt, for vi hadde ikkje nokon som vi tenkte på ute i styggeveret. Elles så fann eg dei nye klokkene, som du ser.
Legg inn en kommentar