fredag 24. oktober 2008

Dagens innlegg











Saudene nermar seg.




Dei ovanfor oss trur eg har kjøpt seg sauder no. Dei kjem lenger og lenger ned mot gjerdet.






Kvifor smakar maten best når ein lagar den sjølv?



I dag hadde vi spagetthi ( som vanleg) Eg var med på å lage kjøtsausen. Det var eg som hakka kjøtdeigen og tok oppi sånn tomatsaus. Eg blei litt låk i skuldra etter det....

Men kvifor smakar maten best når ein lagar den sjølv?

Kanskje det er fordi ein har brukt tid på den??




Shopping


I dag var eg og mamma ute i vik. Vi var på klesbutikkar og på dyrebutikken. På dyrebutikken kjøpte eg: do, gnagarstein, band og skål til "nyekanina" som vi får om litt under to veker.

Før har vi kjøpt drikkeflaske.... Og i går henta vi bur.

I tankane er det selfølgeleg berre kanin, kanin, kanin!



2 kommentarer:

Besta sa...

Det er kjekt å lese bloggen din. Ikkje rart du tenkjer på kaniner no når du snart skal få nummer to.Eg trur ein likar best den maten ein lagar sjølv fordi ein smakar den til sjølv, slik som ein likar den.Men andre sin mat er no sjølvsagt god også!

Olaug sa...

Ja, det er den:-)