fredag 12. september 2008

Noko trist.......

I dag har det sjedd noko virkeleg trist.
Det byrja med at eine venninna mi kom til meg og sa:
-Olaug! Olaug! Molly føder.
Då fikk eg fart på meg og sprang ut berre i lestane, sjølv om det var vått i graset.
Eg vart kjempeglad! Då viste den andre venninna mi; ho som eigde Molly, ein dø kaninunge som låg i ei Toro-pappboks. Den var kjempestor og kjempesøt og ligna litt ein flodhest. Men den ligna mest på Nusse.. Den hadde lange øyrer som han, og den var gråsvart.
Men vi trudde der var fleire enn den døde kaninungen. Men vi for vekk, slik at Molly skulle få fred og kvile seg.
Etter kvart sjekka mora til venninna mi om der var fleire, men det var der ikkje. Vi vart sjølvsagt veldig lei oss!
---
Mora til venninna mi hadde fri, og det var ho som såg Molly når ho fødde. Den satt fast i stakkars Molly.
No er molly slapp og ligg berre der i høyet sitt. Det var vel nusse som var litt for stor til den vesle Hermelina. Neste gong får ho finne ei lita Hermelin.
Ho har byrja og ete persill, no så vi trur nok at ho ( Molly ) overlever.
Polly har enda ikkje fødd, kanskje ho ikkje er gravid, og kanskje ho ikkje føder i dag. Men eg håper det går bedre med ho.

1 kommentar:

solveig sa...

Naboen har snakka med dyrlegen. Det har ikkje noko med størrelsen på hannen å gjere!
Noko liknande skjedde i Molde med hototen. Ein dødfødd unge. Trist, men det viktigaste er at mora overlever, så går det kanskje betre ein annan gong, til våren?