fredag 12. september 2008

Juice


I dag har det vore litt dramatisk som de kanskje har lest på forge innlegg...

Men nok om det, det får vi overleve. Eg har laga juice til Nusse i maskina. ( sjå bilete )
Eg tømde den opp i eine flaska hass, og det må vere det beste han har smakt!
Han drakk av den lenge, lenge.
---------------------------------------------------------------------------------------
Oppskrifta:
^^^^^^^^^^^^^^
Gulrøter
Skvosj
Eple
^^^^^^^^^^^^^^
Tøm oppi alt. Ta så mykje du vil av kvar sort.
----------------------------------------------------------------------------------------

3 kommentarer:

Besta sa...

Dette vart vel meir dramatisk enn du hadde venta? Men om det er trist at kaninungen døde, så er no det viktigaste at mora overlever.Og eg trur ikkje Nusse forstår at han fekk ein død unge!
Har Einar vore heime sidan han var her? Eg sende med han eit nett med Møre-Nytt og oppi der låg ein DVD med oppskrifter på diverse jusar. Den følgde med jus-maskina vår. Den må de sjå, og så kan vi få den att etterpå.

solveig sa...

Vi hadde akkurat laga nydeleg eplejus av eple eg hadde fått av ein kollega. Ho visste eg hadde jusmaskin. Så såg vi delar av videoen. Etterpå laga Olaug jus av heimedyrka skvåsj og billege gulrøter.........
ps. Eg laga sylte av plommene Einar kom med. Fleire år sidan sist vi hadde plommesylte!

Besta sa...

Eg har sylta to små porsjonar og frose ned ein del ferdigreinsa plommer. Her er att litt plommer på Victoriatreet, ikkje sikkert dei blir modne, men ein kan sylte dei for det. Trudde Einar kom til å ete opp alle plommene han fekk...
Vi har ete mykje kvar dag, men i dag hugsa vi ikkje plommene før det var mørkt ute og då var det for seint.