søndag 13. juli 2008

Tur

I dag var vi på tur. Vi gjekk først opp, og så begynte vi å gå nedover på den andre sida, så vi kunne finne posten. Så gjekk vi oppover til ein plass å sette oss ned. Der åt vi appelsine og drakk litt vatn. Så gjekk vi oppigjenn, å så ned. Det vart mange stopp, fordi eg, mamma og Håkon plokka mykje blåbær, mens pappa såg på og venta. ( pga. han er tett i nasa ) På sluttenplokka pappa også litt blåbær.
Eg plokka mykje bær+to strå med bær. Eit strå med mykje bær, og eit anna med litt lite bær. ( Det med lite er det som er på bilde )
Både henda og tenna vart blå etter eg hadde ete blåbær.
---
I bilen såg eg ein flott som kraup på handa mi. Eg skubba den ned i sete i mitten og såg litt om det var ein flott. Så såg Håkon ein på seg, og eg såg 3 på meg osv. Begge hadde minst 10 flottar på seg. Det vart litt skummelt etter kvart når vi såg alle flottane.
---
Vi dusja og sjekka kleda vore når vi var heime.

1 kommentar:

Besta sa...

Det er kjekt å plukke blåbær.Ein gong då Einar og Audun var her, plukka Einar og eg ei heil bøtte på ei lita stund. Før var ikkje flåttane farlige, men det kan dei vere no.Det gjeld å få dei vekk frå huda før dei gjer skade.Eg trur det må vere fint å gå tur på Eika.