torsdag 10. juli 2008

Litt frå ferien

No er det ei stund sidan eg var på ferie..
Men eg har ikkje skrive om det endå. Vi har bada kvar einaste dag i Ørebro, og vi har vore inne tre gongar. Eg og Håkon holdt andungar. Vi fekk berre bilete frå Håkon når han holdt den. Vi holdt kvar sin samtidig.
Vi var i Arboga også. Det skal vere Sveriges gamlaste by.
I Arboga var det nesten ikkje folk å sjå. Men der var ein slags dyrebutikk.
Der var kaniner, kattar, hundar og marsvin.
Vi har hatt ein fin ferie i år med monge slektningar

3 kommentarer:

Besta sa...

Morfar og eg overnatta på hotell midt i Arboga ein gong.Eg vakna tidleg om morgonen og sneik meg ut og såg på den fine gamle byen.Har ein del bilde derifrå. Men eg visste ikkje at det var Sveriges eldste. Frå Arboga kan ein velje mellom to vegar til Stockholm, vi tok den som går på sørsida av innsjøen.

arieldog sa...

Javisst hadde vi det bra i Ørebro! Her hos oss har vi lyst å reise dit neste år også - men berre viss dåkke søskenbarna er der.

Olaug sa...

Eg trur vi skal dit neste år også. Men eg er "ikkje" sikker... :)