fredag 18. april 2008

Ja. Kaninene må også ha do!





I dag var eg på shopping med mamma. Mamma fann seg ein kvit topp, mens eg ville på dyrebutikken. Eg såg også på klesbutikk men fann ikkje noko spessielt. På dyrebutikken var der ingen kaniner so eg såg på mus og hamster ( eg likar alle dyr uten småkryp som edderkoppar osv. ) Eg såg på gnagarsteinar og andre ting, men so såg auene mine på ein kanindo.
Eg for inn til mamma som var på butikken ved sidan ta. Men når eg hadde sett der, for eg inn på dyrebutikken igjenndyrebutikken, og begynte og sjå der. . Eg synerst det vart litt inn og ut men eg overlevde. Når vi var på på veg til matbutikken fortalde eg mamma om kanindoen. Ho lurte på kor mykje det kosta og ba meg fare inn igjenn. Eg jogga inn igjenn og såg. Eg jogga tilake igjenn og fortalde kva det sto. ( eg jogga pga butikkane stengde snart ) Ho sa ho kunne bli med inn og sjå. Mens dama som jabba der fortalde om kanindoen såg eg på fargane og størrelsen. Det var blå og kvite, store og små. Mamma synest det var greitt for dama sa at vi slapp og rense heile buret, men tømme doen. Vi tok den store kvite pga han måtte greie å snu seg.

Når vi kom heim rensa eg buret so det blei reint når eg satt den inn. Nusse var i uteburet imens eg rensa. Når eg tok hann inn stakk han av. Eg trur han stakk av for det ikkje var noko mat der inne ( eg hadde ikkje såtte inn noko enno. ) ( eg greidde no å få hann inn)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Greetings! Nice blog. :)

I like to be Friends. Your welcome to my blog.

Anything I have there, is available for download.

Have a Nice Day ! Terry

atheist-theory.blogspot.com

Besta sa...

Vi får håpe at Nusse forstår kva han skal bruke potta til. Då får han det reint og fint i buret sitt.

solveig sa...

Eg må innrømme at eg ikkje hadde så stor tru på at han skulle forstå nytta av do, men jammen har han slått til! Alle dyr likar vel reinslegheit. Må innrømme at kaniner er mykje meir "intelligente" enn eg har halde dei for.