I dag var det fotballkamp vi tapte 12-1. Det var mot Volda so har spelt mykje meir enn oss. Vi har ikkje spelt so lenge, og dei har sikker spelt ca. 3 år meir enn oss.
I morgon skal eg springe ein stafett som heiter Vågen rundt. ( sikkert bilete i morgon )
Eg skal passe dyr igjenn! =) Det er veninga mi sine dyr. To kaninr og ein katt. Eg har akkurat passa kanina til den andre veninda mi.. Men det er kjekt med dyr!
Det vart litt kort men måtte skrive så folk ikkje begynner å slutte å lese her+ det er lenge sidan eg skreiv sist.
3 kommentarer:
Eg kikar innom bloggen din kvar dag! Men du må ikkje skrive med gule bokstavar, for då er det vanskelig å lese. Det er kjekt at du er så glad i dyr, så dei som har deg til dyrepassar er heldige.
Eg var også veldig glad i dyr då eg var på din alder - og eg er det visst enno. Her ein dag kom det ein røyskatt i hagen vår, og den var ikkje redd for oss! Naboen seier at røyskattane et mus slik som vanlege kattar, men nokon på jobb sa at røyskattar øydelegg frykteleg dersom dei kjem seg inn i huset. Søt var den i alle fall!
hehe!
olaug
Legg inn en kommentar