---
No skal eg vise ein del biler av mi kjære. vakre, snille, tamme, sjarmerande (osv.) kanin <3
He er også eit bilete frå 2007,trur eg. Viss ikkje det var i 2006.
Ein gong var Nusse sjuk. Han va berr e inne på soverommet sitt i høyet. Då lagde Guri eit brev. Ho la dt inn med sine kaniner, som er bestevennane til Nusse. Då kom det deira si lukt på. Så fekk eg det og la det inn med Nusse. Han blei lokka fram og ut i frå soveromet sitt.
Frisk <3
2007 her også trur eg.
Så taaaaaaaam :-)
Sleten ;-)
2007
Nusse og Sniffe-gensaren :)
Dagen før han døydde. Han var så frisk. Frisk heilt til han døydde. Sikkert berre hjartestopp.
NB: Sjå på Nusse - ikkje meg ;)
det sikkert supert ;-)
Nusse fekk ei stor eiga innhegning for eit par år sidan. Ca. 2m X 4 m. Skikkelig heldig var han.
Nusse var veldig smart. Han gjekk på do i doen sin og ikkje ofte nokon andre plassar.
---
Eg hugsar den gongen familien vår hadde ein vanleg , men travel dag. Den dagen vi kallar vaskedagen. Mamma eller pappa skulle støvsuge. Eg kom på ein plass der dei hadde kaniner. Men det var på hi sida av Hareid. Eg spurte om dei kunne køyre meg, så kunne vi hente kanina. Men dei skulle berre støvsuge og vaske. (Vi hadde ringt dei for lenge sida og spurt, men då skjedde det ingenting.) Eg bestemte meg for å gå dit... Eg spurde først Guri, men ho kunne ikkje. Så spurde eg Jenny. Ho blei faktisk med på å gå dit :-) Vi begynte å gå dit. Det pøsregna og hagla store hagl etter kvart. Då vi kom fram ringde vi på og spurte om vi kunne sjå kaninene. Eg fann ein favoritt. Eg prøvde å ringe mamma, så ho kunne køyre og hente meg. jenny og kanina. Men ingen svarte i telefonen....
Eg og Jenny starta reisa tilbake. Det var forferdelig ver... Då eg kom heim sa mamma at eg berre hadde ringt eitt ring. Men vi køyrde inn igjen til der vi hadde gått.Vi henta kanina. Eg fekk bestemme namnet. Og valgte Nusse, som eg alltid hadde likt så godt :-)
---
Då vi var der og skulle velge kanin, sa dama at alle kaninene var ville og kom ikkje til å bli tame sidan dei var såpass vaksne. Men Nusse har jo blitt ei kjempetam kanin!
---
Vi gravlade Nusse 25.juli . Han fekk ei rosa rose mellom framlabbane og ei som eg la over han. På grava har han fått ein kross av lønn og eik, trur eg det var. Så har vi planta raude roser på grava. Han har også fått ein gravstein. På gravsteinen står der NUSSE NASS . Høgt elska Sårt sakna.
1 kommentar:
Han er ikkje dø på siste biletet , for dei som lurte ;-)
Ps: Tastaturet var ikkje heilt bra då eg skreiv innlegget så kanskje der manglar litt bokstavar her og der:-P
Legg inn en kommentar