I dag var eg først på kunstutstilling i kunsthuset på Hareid. Der var mange barn og ungdommar som hadde måla og laga litt forskjellig. Eg går ikkje på kunstskulen, men eg var der for å spele klarinett. Når vi var ferdige fekk alle som hadde laga noko ei rose. Men sidan det var så mange som ikkje møtte opp, fekk musikantane og ei rose. Etter eg hadde vore der, for eg rett til ei venninne og rulla lappar som skal vere til tombola. Då eg kom heim tok eg inn Nusse frå innhegninga. Han var veldig våt.. Eg tok han inn og la ein hånduk over han og tørka han. For ei lita stund sida tok eg han ut. Mamma har fore ein eller anna plass, så det er eg som må passe brødet.
---
Han som eig kattungane vil ikkje gi dei frå seg før dei er 12 veker. Han meiner kattungane lærer det viktigaste frå mora mellom den niande og tolvte levevekene sine. Og det er vel kanskje sant, og? Og eg meiner det er 4. juli dei er 12 veker. Då er vi som regel på ferie, så eg må nok vente ca. 10 dagar etter det.... :-S Eg får prøve å vere tålmodig (sjølv om eg ikkje er det).
2 kommentarer:
Ja, det vart veldig lenge å vente, men så slepp du å leige pass til Lucy mens de er på ferie,så det er fordelen. Korleis går det med kanina som Amanda skal ha?
Det var synd at du ikkje fekk spele på bursdagen min, det hadde vore så kjekt. Men kanskje det blir fleire selskap?
Vi har berre snakka med mora til kanineigaren, kollega av meg. Der var to kull med ungar, men eitt av kulla skjedde det ei ulykke med, så der skal vere att 3 ungar.
Legg inn en kommentar