I går (tidleg på dagen) såg vi Hareid spelte mot Lokomotiv Oslo. Eg hugsar ikkje stillinga, men Lokomotiv Oslo (studentar som bur i Oslo frå Ulstein og Hareid) vann 5 eller 6 -0. Då vi kom heim gjorde vi litt av kvart. Eg og Håkon har for eksempel spelt kort kvar dag. Eg fekk ein Bodø Glimt-kortstokk med Einar (og må derfor vaske romet hans når han fer til Førde igjen).
Eg øver litt nesten kvar dag på å sentre med venstrefot, men det er utruleg vanskeleg. Eg spelte fotball med Håkon i går. Han fann mykje eg ikkje var flink til. For eksempel dempinga mi. Og han var ikkje førnøygd med korleis fjeset mitt såg ut når eg heada ballen....
-Ikkje knip igjen auga når du heada ballen, Olaug! Du ser teit ut! Sjå PÅ ballen!
_____
(Og så fekk vi påskeegg, då :-) )
_____
No sit eg her og ventar på middag. Vi skal ha julemiddag :-)
____
Og i går vann Chelsea over Manchester United :-D
Eg synest det var heilt fortjent, men kanskje Chelsea skulle ha vunne 1-0 i stedenfor 2-1. Manchester United-spelaren scorte med handa si.... (Og så tok vel Drogba ein "kjempe"liten offcide meinar folk....
1 kommentar:
Du får ein tøff og allsidig oppdragelse med tre eldre brør.
Du kjem til å bli ei tøff dame.
Legg inn en kommentar