mandag 12. april 2010

Ikkje Aslan....

I går fekk kattemor tre (nydlege) ungar. Vi fekk vete at det ikkje var gutar i kullet i dag. Så det blir ingen Aslan, som vi hadde tenkt. Så då er det spørs om det blir ei lita Lucy.
I dag etter to timar korps, skal eg sjå dei. Eg skal prøve å huske (hugse?) å ha med kamera, men eg veit ikkje om eg kjem på det.
Viss nokon lurte på kvifor eg skreiv"nydlege" ungar, så er det fordi eg fekk sjå bilete.

4 kommentarer:

Besta sa...

Det er vel ikkje noko i vegen for å ha ein hokatt? Og Lucy er eit fint kattenamn. Hugse er rett ...sjølv om vi seier huske.

solveig sa...

Lusy pusi, Lusy, pusi, nei, eg trur det på bli Lusi

Olaug sa...

Nei, men ein tusenlapp går til sterilisering...

Besta sa...

Du kan gi henne p-pillar! Eg såg bildet. Det såg ut som om ungane var like mora si?