lørdag 13. mars 2010

Nusse's heimekomst

I går kveld kom Håkon heim frå fotball kamp.  A-laget vann 4-1, trur eg.  Vagn sto i mål.  Det er hann som har hatt Nusse i ei veke no.  Håkon melda Vagn med ein gong han kom heim.  Etter ei stund (regnar med han måtte dusje å fare fram i løa å henta Nusse) kom han med Nusse i ei korg.  Nusse blei med rett inn til meg og såg resultata av Norske Talenter.  Eg såg på mens Nusse sovna i fanget på meg.  Eg klappa han lenge.  Det trur eg han hadde savna!  Då eg skulle ta han i buret igjen, klarte han å hoppe ned i snøen framfor buret.  Han fann eit rote rabbeskal og begynte å ete på det...  Ja, så han har tydelegvis levd på tørrfor.  Han fekk seg brød og mykje persille til kveldmat med vatn i ei flaske.  Han er ein vekkskjemd liten kosegutt! :)
---
(Marlon, han fekk sjå første omgong av norske talenter, og han var nesten meir opptatt av det så skjedde på tv-en enn å bli klappa...)

2 kommentarer:

Besta sa...

"Borte bra, men heime best" gjeld vel for kaninar også. I alle fall når dei har det så godt heime som Nusse.

arieldog sa...

Ingen tvil om at du tek deg godt av Nusse! No ser vi fram til "resultatet"!