Då eg vakna laurdag's morgon, kjende eg meg ikkje heilt topp. Kanskje det var for eg gjekk heim frå skulen uten hue eller jakke i pøsregn? Konfirmasjonen gjekk heilt greitt. Det vart også ein konfirmasjon for kaninene. Dei fekk restane og pynten av alt som frukt og grønsaker, som på biletet. Laurdags kveld var eg uvanleg dårleg. Eg vart til slutt så dårleg i halsen og i magen at eg for opp ( klokka til på eitt ) for å seie i frå. Mamma lagde te som kunne hjelpe halsen. Eg stappa i meg te. ( eg er ikkje så veldig glad i somme tear ) Eg fekk ein halsdropspakke med pappa som eg åt opp kanske fort! Søndagen låg eg på sofaen ganske så sløv i 12 timar. Eg prøvde å sjå litt på ein opptak av Sjukehuset i Aidensfield, men greidde ikkje sitte oppreist så lenge... I går var eg litt betre. Såg på Animal Planet leeeenge. Spelte litt data og slikt eg ikkje greidde på søndag. Eller..... eg spelte i grunnen ikkje... Eg søkte på forsjellige kaninsider. Eg lærte ikkje meir enn ein ting: 85% av det ei kanin et, skal vere høy.
I dag er eg betre i magen , men verre i halsen. Så eg held meg vekk frå skulen i dag også. Eg trenar litt på å gå ut. Og det gjer eg ved å mate kaninene. I går var det korpsøving. Eg var der sjølvsagt ikkje, men eg mata kaninene i det dei var ute og masjerte.
---
PS:
1: Mobilen min er øydelagd , så det er ikkje vits i å sende meg meldingar på den før rundt bursdagen min.
2: Eg måtte skjere av litrt av biletet for å ikkje få med tjukkelestane :D
4 kommentarer:
Stakkars deg som vart sjuk når det var så mykje godt i huset! takk for sist, forresten - det var ein kjekk dag!
Heisann! Håper du snart er frisk att! Kristiane er sjuk i dag, dvs. ho må vere heime i morgon. Då må eg også vere heime... Reknar med at det ikkje skal vare så lenge, det har eg ikkje tid til:)
Håper du er frisk igjen no -særlig sidan det er 17.mai i morgon. Dei kaninene dine trur eg lever eit godt kaninliv!Skulle nesten ønske eg hadde hatt ei eg også som åt opp halvvisne salatblad. Den konfirmasjonsmaten deira såg kjempegod ut.
JA... :-) No er eg frisk att. Hostar enno, men har gått barfott ute meste parten av dagen.
Blir kanskje ikkje kjekkaste med svart uniform på 17. mai når det er så fint vêr.
Legg inn en kommentar