onsdag 22. april 2009
Marlon - angrepen av fuglar! ( trur vi )
I går sat eg her på internett då eg plutselig høyrde pappa seie noko. Eg sa berre "hæ?" fordi eg ikkje høyrde noko. Eg høyrde noko igjen. Eg trudde eg hadde gjort noko gale, eg... Men eg for sakte inn dit pappa var. "Marlon blør!" , høyrde eg. Eg sprong uten å stoppe for å tenke. Når eg høyrde "Marlon blør" tenkte eg ikkje det var såååå gale. ....Men då eg kom ut var han full i blod rundt eine auget og pelsen på panna var vekk. Snuten/nasa hadde også blødd. Eg letta opp uteburet, og pappa tok han opp. Eg sprong med han inn. "Ring dyrlegen", ropte eg fortvilt. Mamma sa det ikkje var nødvendigt. Ho sa at såret ordna seg sikkert av seg sjølv. Pappa var ganske enig, men dei ringde til slutt. Eg sat der og klappa Marlon. Pappa fekk ikkje svar. "Ring noko andre dyrlegar", sa eg litt etter eg forstod at han ikkje fekk svar i frå dei i Ulsteinvik. Pappa prøvde mange plassar. Litt etter såg dei nabomannen ( som også er faren til eine bestevenninna mi ) gå utanfor på vegen. Mamma snakka med han om kva vi kunne gjere. Mens ringe pappa dyrlegane i Ørsta/Volda, slik eg forstod det. Han traff berre på ein telefonsvarar som ga han nokon nummer. Pappa ringde nummeret. Der fekk han endeleg svar. Dama sa vi måtte vaske såret med vatten og deretter rense det med pyrisept. Vi hadde ikkje pyrisept, men fekk låne det med nabomannen. Nabomannen kom inn for å hjelpe å halde Marlon. Marlon hadde hatt store smerter der han låg. ( Kaniner seier i frå med å skjære/hakke tenna kraftig ) Eg holde på å besvime av alt blodet. Etter litt over ein time måtte eg ta han ut. Mamma hadde fore på tur med venninnene sine mens alt sjedde. (Eg trur ho hadde ein avtale med dei ) Eg tenkte eg kunne ta bilete , men alle som går inn på bloggen min treng vel ikkje besvime, heller! I løpet av kvelden gjekk eg ut mange gangar. Mamma og Pappa måtte gå ut mange gangar for meg også. Eg måtte dysje etter alt blodet eg fikk på meg. I dag er han i humør, men det verkar som om han har litt låkt endå. Såra må rensast kvar dag framover.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Huff for ein dramatikk!!!
Legg merke til mamma. Ho har alltid løysingar: Bruk pyrisept!
(Eit glas mjølk har ofte vore hennar beste medisin).
Det er fælt å høyre ein kanin hakke tenner i smerte.Men no er han heilt fin i auget.
Legg inn en kommentar