søndag 8. februar 2009

Smiiiiil :)







På fredag på matlaging med skulen, lagde vi flettaloff. Eg hadde tenkt til å ha med litt av den til niste til Dombås........ men den forsvann ganske fort pga. dei andre. Skal ikkje sei eg fekk så mykje av den sjølv. Men eg kom på at eg kunne lage ein ny. Eg spurde, og eg fekk lov, men vi hadde sjølvsagt ikkje gjær....


Seinare på dagen ( laurdagen ) for eg og mamma med spark ned på Hareid. Vi skulle kjøpe noko på ein klesbutikk til nokon ( er vel ikkje vanskelig å vete kva det var, når ein veit kva dag det er i dag? ) Mamma fekk ein telefon, og det var ei dame som ville gå tur med ho. Mamma svarte ja, og eg måtta ta sparken opp igjen. Men før det, for vi i matbutikken og kjøte gjær, eple, tyggis og halsdrops. ( Som eg fekk for å lage loff og for å ta oppsparken )


Når eg var heime megynte eg å lage loffdeigen. Når mamma var heime, var loffen ferdigheve, så eg kunne begynne med flettinga. Men eg gjorde alt sjølv, for det var ingen andre heime.


Litt av det fraus eg ned, så eg kunne ha dettil niste. Resten var ete opp i dag.


Bildet "Smil" hugsa eg ikkje kor tid eg tok det.


Eg legg også ut eit bilete av loffen eg lagde på skulen, og eit anna av loffane eg lagde heime.

Ingen kommentarer: