onsdag 25. februar 2009

Headset


For nokre dagar sidan, ( mandag ? ) såg eg i eit reklameblad frå El-kjøp, og såg at der skulle vere 100-kronersmarked. Eg såg at det skulle vere to headset for 100 kroner. Dit hadde eg sjølvsagt lyst til å fare. Eg spurde - som vanleg, og dei sa "tja"....
Først spurde eg pappa som sat og jobba:
-Sjå her, då, pappa!
-Ka e ditta, då?
-De ser du, no!
-Ja, ja. Men ka du skal me ditta, då?
-*sukk* Ka e de du trur, då? Snakke me noken på msn, vel! *knis*
-Ja, vi kan vel ta oss en tur i dag, då....
-I dag??!!
-Nei, EN dag.
---
Skulle til å spør mamma med, men ho sat på dataen med bloggen..
Eg viste det til ho også, trur eg..
---
I går blei eg med pappa til Ulsteinvik når han skulle kjøre Audun til fotball.
Eg hadde reve ut bildet at headsetet frå reklamebladet og så viste eg det til dei.
Mannen som faktisk heitte Audun - som pappa sa i bilen etter, søkte.
-Ej trur faktisk ikkje vi he de.. Men ej veit vi skulle ha noke 100-kroners-salg, sa Audun.
Han leitte fra eit headset til nesten tre hundre kroner.
-Ditte her skal du få for hundre krone, sa han!
Pappa takka og snakka litt med han mens eg leitte fram pengar.
---
I bilen lurte eg på om eg hadde sett i rett blad...
Så i dag var eg så nysjerrig at eg for ned i båset og sjekka. ( Det låg øverst )
Det var heldigvis El-kjøp!!!!!

4 kommentarer:

Besta sa...

Det hadde vore litt flaut om det var til dømes expert! Men du gjorde no ein god handel i alle fall.

Anonym sa...

JA, det var jo heldigvis rett butikk!

arieldog sa...

Heldig for deg - litt lite våkent av dei å ikkje vite om sine eigne tilbod!

Olaug sa...

Ja, eg veit det.... Litt rart ;-)