Eg måtte ta inn flaskene til kaninene og legge dei i ein isboks med kokande vatn.
På bildet med kaninburet (øverste?) ser det ut som det er lite snø, men det er mykje meir!
Dei fekk seg meir høy i dag, for de var så kaldt. Så no er det nesten ikkje meir høy igjen..
Eg lurer veldig på kor vi skal få tak i høy, for marka vi laga høy av, er no fjerna.
Til nød kan vi vel sikkert bruke nokre hundrelappar for ein sekk, men det er frykteleg dyrt når ein bur her og har to kaniner!
Eg har også gått på ski med ei venninne eg gjekk i klasse med frå 1-5 .
( Vi kom dessverre ikkje i samme klasse på Hareid. )
No må eg snart til å skifte vatn til kaninene igjen...
Og så m å eg også lage til ny bloggmal.
1 kommentar:
Kjære vene - vi har ein del høy - minn meg på det neste gong vi møtest!
Legg inn en kommentar