søndag 21. desember 2008

Tur i Peparkakeskogen







Kult namn?
I dag for vi til Peparkakeskogen og henta juletre.Vi trudde ikkje at det var snø der oppe, men vi tok nok feil.
( Om du sit så var snøen ca. like høg som en sko. ) Men snøen var så pass hard att i vi ikkje seig ned i den. Eg hadde på meg mormor sine gamle( ? ) fjellsko. Dei heldt seg bra!
Heime er det ikkje mykje snø, så vi tvilte på om vi skulle ha med kjelke til å ha treet på.
Men pappa han bar treet ned heile vegen. Vi hadde med oss kakao og fire peparkaker.
( Det var vel derfor vi kom på det ( kule/morosame ) namnet ? )
På tilbakevegen skulle vi sjå om der var ugle i Håkon si uglekasse, så vi lokka med uglelydar, kattelydar og litt rusling i bakken, men den sov nok. ( Men der er ugle, trur vi )



4 kommentarer:

arieldog sa...

Vi har også laga kule stadnamn i skogen "vår": kva med "Sabeltannhaugen" og "Trollskogen", for eksempel? Kjekt med slike tradisjonar som å hente sitt eige juletre.

Anonym sa...

Vi har alltid henta juletre i peparkakeskogen, men det var første gong det berre var to der..
Når eg var liten var ikkje det alle tide eg fekk vere med når alle dei andre søskena mine blei med, fordi eg var så liten, og dei meinte det vart for tungt fot meg og gå i snøen. Så no meiner pappa eg skal ta igjen og bli med kvart år! :-)
---
"Sabeltannhaugen" og "Trollskogen", er det namn på nokon stadar de har laga namn på?
---
Eg har alle tide vore tidleg ute med gaver, men i år har eg ikkje kjøpt til Einar, Audun og Håkon.
Eg bør gjere det i morgon, for om dei ikkje får, er det best å ta farvel med alle :-D

arieldog sa...

"Sabeltannhaugen" var ein sandhaug der Eirik leika Sabeltann då han var tre år. No er haugen borte for lengst, men vi kallar likevel plassen framleis for "Sabeltannhaugen". "Trollskogen" er ein tett, mørk skog som det var litt langt å gå til, og som eg derfor måtte finne på eit spennande namn til. Seinare har eg fått vite dei verkelege stadnamna, men dei var lite spennande i forhold.

Anonym sa...

Hehe:D Ein plass på veg opp til Peparkakeskogen er det ein mørk granskog med sti i midten, den kallar vi Tunellen :-)