I dag skulle vi stå opp klokka ni for å få parkeringsplass i vik. Og at vi ikkje skulle vere der mens alle andre kom. Så planen var å vere der når det opna, klokka ti.
Gutane skulle vekke oss, men kvifor stolte vi på dei??
Som de kanskje forstod vekte dei oss ikkje. ( Dei skulle spele fotball )
Så eg vakna lenge etterpå, og vi var ikkje i vik før kvart over elleve....
Det var fullt i butikkane litt etter tolv :/
Det skulle vere salg på Cubus, så eg fekk meg to bukse på salg og ei Aladdinbukse i til full pris.
På CappAhl var det ikkje stort med salg! Så der kjøpte vi ikkje noko anna enn hårstrekk...
På herrebutikkane var det ikkje begynt med salg. Heller ikkje på Blend.
Eg hadde tenkt til å kjøpe bursdagsgave til Håkon og Audun, men fann ikkje noko dei ville ha likt.
Til kaninene kjøpte eg ei stor julestrømpe ( 60 cm. ca ) som også var på salg. Dvs.: halv pris.
Eg skulle eigentleg ha ein gnagarstein til Nusse, men så såg eg at det var det i julestrømpa.
Det som var i den oransje pakken, forstod eg ikkje meg heilt på...
Nusse tok biten i munnen, tygde den godt og spytta den ut, tok den i munnen i gjenn, spytta den ut.. OSV
Ingen av kaninene likar gulrøter særleg godt.. Mamma vil difor ha gulrotkur med dei...
Det gjer ikkje noko for meg at dei ikkje likar det.
---
Etter vi kom heim, sykla vi ned i Hareidshallen og såg på Håkon, Einar og Audun spelte.
Og når vi skulle sykle heim igjen, hadde nokon skrutt av Høgrebremsa og stoppa giren på min sykkel :(
2 kommentarer:
De er jammen tidleg ute med å gå på sal? De skal vel ein tur til Ørsta også?Eg skal ikkje på sal før etter nyttår; då skal eg kjøpe nye klede til meg sjølv!Kaninene dine er nokre heldiggrisar!
Først til mølla......
Det var vel eigentleg berre Cubus, Fryd og Christiania G. som hadde skikkeleg sal d.v.s. 50% eller betre, noko anna bit vi ikkje på. Kid hadde prosentane i orden, men ikkje utvalet.
Legg inn en kommentar