onsdag 5. november 2008

Ny kanin!

Etter skulen i dag, for eg og to av venninnene mine og skulle hente kaninene. Men det var berre eine venninna mi som skulle ha i tillegg til meg. Til å frakte dei med brukte vi ei dukkevogn med eit reisebur som sto oppi, slik at vi slapp å bere dei heile vegen. Som eg kanskje har sagt før, var min kvit og grå og venninna mi sin kvit og oransje.
Mamma hadde kameraet på jobb, så eg fekk ikkje tatt nokon bileter med kamera.
Men eg tok mange med mobilen min. Så viss du vil ha bilete kan eg kanskje sende til deg.

Mamma lurte på om vi skulle ha dei i same bur til natta, så vi bestemte oss for det.
Då treng dei ikkje å vere einsame første natta frå mora si.

Ingen kommentarer: