lørdag 29. november 2008

Det 145. innleget mitt.


I dag fôr eg og mamma veldig tidleg ned på Hareid og handla. Vi skulle eigentleg på levere nokon bøker og kjøpe nokon batteri, men det vart litt fleire butikkar ein det.
Vi var på bibilioteket, Prix, skobutikken, møbelmagasinet, apoteket, strax, bakaren, nille og Euronics.
( Vi kjøpte ikkje noko på alle butikkane! )
Eg fekk meg nye bestesko :-) Så støtta vi ei eller anna sak på Prix, så mamma vann eit skjerf.
Vi kjøpte adventspakke til adventskalenderen på skolen.
Før vi var nede på Hareid hadde eg inne Marlon og leika litt med han.
Etter vi hadde vore nede på Hareid gjekk eg tur med Nusse.
Eg har også hjelpt til med å brette handukar, klutar og tvåger. Eg bretta 35 stk.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Lekre skor!!!

solveig sa...

I år trur eg vi må kjøpe kjole til skorne, ikkje omvendt.

Besta sa...

Ja, i år gjeld det å ha is i magen. Så får ein klede til halv pris lenge før jul.På Dressmann er alt til 40% no, og morfar har ei skjorte som han ikkje har brukt enno som eg kjøpte til full pris.Ingeborg har fått ein fin ballkjole av Webche i raudt og svart. Ruth måtte berre sy den inn litt.Kjekt når ein kan bruke om att fine ting.

solveig sa...

Til husets folk kan ein kjøpe heilt inn i jula. I fjor var det mykje sal før jul. 30% er det minste ein bør forvente. Men så vert det utplukka.