fredag 17. oktober 2008

Det passar til veggen

Her er det biletet eg fekk av mormor. Som det fleste veit skulle Ingeborg eigentleg ha det. Men eg fekk det. Det var vel for eg synest det var så fint då eg var med mormor. No har pappa endeleg hengt opp biletet. Eg har venta lenge no, synest eg! Og når det endeleg kom opp såg eg at det var skikkeleg fint og det passa fint til veggane.

4 kommentarer:

Besta sa...

Det bildet kjøpte eg for fleire år sidan med ei ung jente som kom på døra. Sidan Ingeborg var her den dagen, fekk ho eige bildet, men det skulle henge her.Vil berre seie ifrå om at eg sjekka med Ingeborg om det var OK, før eg gav det til deg.
Det var eg som måla ramma med "gullmåling"!

arieldog sa...

Og eg trur det er ein Golden retriever kvelp det der òg. Det er dei finaste kvelpane!

Olaug sa...

Ja! Dei ser så snilde ut:-)

Besta sa...

Eg synest du må vente litt med "juleblogg" enno, elles får alle husmødrer og-bestemødrer panikk og trur dei må til å bake og vaske til jul alt no. Kan du ikkje heller lage ein fin haustblogg, etterpå kan du lage adventsblogg---og SÅ kan du lage juleblogg.