
I dag har eg vore til tannlegen. På skulen var eg låk i halsen. Men eg vart verre når eg hadde vore heime ei stund. Kanskje det har noko med at eg gjekk barfot.... Men eg held meg uansett inne og eg fer ikkje på fotballtrening. Då blir det berre kjedelig når eg er litt slappare enn vandleg. Og eg brukar å bli verre når eg spring mens eg er forkjøla. Og så brukar eg å vere tung i hovudet og så brukar eg å få hovudverk.
Nusse har vore inne med meg. Det verste var at han også naus!
Eg begynte å lure på om han vart smitta!! Men dyr kan no vel ikkje bli smitta av menneske??I
2 kommentarer:
Det er mange som er forkjøla no. Både på Bjørnaset og på Eid har dei vore sjuke. Morfar var forkjøla tidlegare i sommar.......det er visst berre eg som er frisk. Bank i bordet!!!Eg trur ikkje kaninar kan bli smitta av menneske, men det finst vel kaninforkjøling også? God betring!
Her i huset er det Ingeborg som har smitta oss hine. Eg trur det hjelp å mosjonere og sveitte ut elendigheita, men særleg behageleg er det ikkje. Kanskje kaninen har fått høysnue???
Legg inn en kommentar