onsdag 20. august 2008

Skulestart


I dag var det første skuledag dette året.. Eg har gledd meg lenge, sjøv om eg ikkje er så glad i skule. Eg begynte i 6A. Vi fekk R.L. som kontaktlærar.(det visste eg frå før) Vi fekk klasserom i nyebygget! Der var fint, kvitt, og lukta nytt :)
Klasseromet var ikkje så stort i forhold til kva vi hadde i 5. I femte hadde vi det største klasseromet på heile skulen eg gjekk på i fjor.
---
På skulen vi kom på i år var det ikkje så mykje å gjere på...
Men vi er vel litt for store til det vi holdt på med før.
---
I dag bar vi heim skuleranselane våre stappfulle av bøker som vi skulle ha bokbind/brede på. Vi fekk det som lekse i stedenfor anna lekse. Men heldig vi slapp eg gå, for venninna mi blei kjørt.
---
I morgon skal vi ta imot 1. klassingane. Vi som 6. klassingar skal bli fadderar.
Der er så få 1. kalssingar i forhold til 6. klasse, så dei fleste må dele på ein.

1 kommentar:

Besta sa...

Nye bøker og fint brede-papir. Det er no litt stas då? Og nytt klasserom i nytt bygg!! Heldiggrisar!
Slik vekt som det er utanpå matteboka di var det på alle butikkar då eg voks opp. Då hadde dei mjøl, sukker og andre ting i skuffer og så vog dei opp så mykje som vi skulle ha. Det tok litt lenger tid å handle på den måten, men så var det ikkje så mange ting å få kjøpt.