torsdag 24. juli 2008

I dag...Og litt i går







I dag har vi gjort mykje. Det har vore utruleg varmt! Håkon begynte med å jobbe, og eg med å late meg... Eg har pakka litt osv. Og sola meg mens eg har høyrt på MP3. Vi har grilla pølse og flintsteik til middag. Nusse har vore ute ( som vandleg.. )
Eg har pakka den nye toalettveska mi. ( den som er på biletet) Eg skulle eigentleg pusse kåpar, men det vart så fint ver at vi ikkje kunne sitte inne å jobbe, så eg jobba ute med å ta opp gras frå grusen. Vi har vore på tur i dag. Det var eg, Håkon og pappa som blei med.
På turen padla vi og bada.
Vi har fått oss nye flytevestar, så vi måtte prøve dei!
---
I går var eg og pappa på fjellet.... igjenn. Vi gløymde fotoapparatet, då. Når vi hadde gått ei stund trudde vi at vi ikkje fann posten. Men vi fann den etter kvart. Når vi fann den var vi nesten nede.
---
Bilete en: Eg og Håkon i kanoen
Bilete to: Nusse:)
Bilete tre: Eg med jordbær etter vi hadde bada og padla. ( jordbæra fann eg på veg opp )
Bilete fire: Eg som har pakka toalettveska mi
Bilete fem: eg og Håkon som badar

1 kommentar:

Besta sa...

Det ser ut som om det skjer mykje i ferien mens de er heime også?
Men det blir nok spennande med tur til Oslo også.