lørdag 31. mai 2008

Ulykkesdag

G-E overnatta frå i går til i dag. Etter det for vi bort til ho, for å sjå nokon som skulle brenne eit hus. Vi for opp på altanen til leikarhytta for å sjå best mulig. Der kom det nesten med ein gong mange humler og alle tok meg, så eg fekk 7-8 stikk ( eg forsto det ikkje heilt, for vi sto no berre å prata)

Etter på var det Dimnaleikane. Eg sprang først 60 m. og kom på 3. plass. Etter på skulle eg springe 200 m. hekk. Det hadde eg aldri gjort før, så eg gledde meg veldig. Det gjekk heilt bra heilt til eg datt, det var ca. etter 100 m.

1 kommentar:

Besta sa...

Humlestikk har eg aldri hatt, men når eg få kvepsestikk har eg berre på grønnsåpevatn eller eddik.Så blir eg bra. 60-meteren gikk jo fint, og dette på hekkeløp kan alle gjere. Eg synest du er flink!