fredag 4. april 2008

I gårkveld og i dag






I gårkveld skulle eg ha inn Nusse. Då hadde eg eit teppe i sofaen so han ikkje skulle lage noko merke med klørna. Då han skulle gå forbi, datt han ned, og han landa på ryggen. Han vart livredd og for under sofaen. Det gjekk litt tid og få han ut. Pappa drog fram sofaen so gjekk eg bak. Eg fekk tak i han, han sprella som eg galning so det var so vidt eg greidde å hålde han bak den trånge sofaen. Eg tok han med inn på vaskerommet og han roa seg litt. Han fekk litt mat også.

3 kommentarer:

Besta sa...

Stakkars Nusse som vart så redd! Kattar landar alltid på føtene, seier dei, same kor kort veg dei dett ned. Men då gjeld ikkje det same for kaninar.Då eg var lita hadde vi ein katt som heitte Trille.Ein gong stakk han hovudet ut vinduet(utan glas) på ein leikegarasje,og fekk ikkje til å drage hovudet tilbake.Faren og broren min måtte sage sund garasjen for å få katten fri. Gjett kven som måtte halde katten?

Olaug sa...

du?

Besta sa...

Ja, sjølvsagt var det eg. Og katten var heilt hysterisk og klora og beit. Men han vart fri og garasjen vart reparert.