

Med ein gong mamma og pappa og Håkon vokna, visste dei at vi skulle på skitur. Det var sol og fint ver. Etter kvart når vi var klare og hadde pakka med oss det vi trengde, for vi. Vi merka at det var vind når vi kom fram. Vi begynte og gå oppover. Vi for opp til høgre, opp ein bakke. Etter kvart kom det ein sterk motvind. Etter kvart vart det snøstorm. Eg datt ein gong det var skikkeleg sterkt, for då klarte eg ikkje og holde meg på beina. Når vi var komt opp leita vi etter ein plass og sitte, som det ikkje var så mykkje vind.
Vi fann oss ein fin plass i ein skog og sitte. Det var sol der vi satt, men mest av alt var det harespor. Når eg hadde ete ei appelsin for eg etter harespora, men eg fann ingen hare. ( dei for vel når vi kom) Når vi var på vei tilbake var det bratt og det var mykje svingar så det var vanskeleg og holde seg på beina, så eg datt fleire gongar.
1 kommentar:
Vi var på skitur i dag vi òg! Kjempefint å vere ute, synest eg. Det blir nok inneliv når ein er på jobb og skule. Viss de vil,kan de tamed ski når de kjem på søndag. Ta i alle fall med uteklede så de får lufte dykk litt. Her er mykje snø like oppom huset vårt, og eg reknar med at ikkje alt smeltar til søndag. I fjor påske laga de snømann i hagen her.
Legg inn en kommentar