onsdag 30. juni 2010

ENGLAND -korpstur !!!!!

Fredag morgon for vi med båt til Vigra. Frå Vigra tok vi fly til Gardemoen. Frå Gardemoen tok vi fly til Tees Valley, om eg hugsar rett. Då vi var på veg til Scarborough, besøkte vi Gothland og NRK 1's Aidesfield. Mykje bussturar og slikt. Der var alltid ein guid som fortalde heile tida. Vi gjekk ned i Scarborough-byen og kjøpte med fish and chips.
Dagen etter (laurdagen), besøkte vi York. Vi shoppa litt der. Vi besøkte den kjende katedralen (eller noko slikt). Der var vi ei lita stund.
Søndagen: Etter vi åt frukost, øvde vi ca. ein time på songane vi skulle ha på kveldskonsert. Vi var nede i byen og gjekk i butikkar. Dyrebutikkane var ikkje opne då fordi det var søndag, men mykje anna var ope. Om kvelden var det kveldskonsert på Grand Hotel. Vi bada på South Bay eller North Bay, sjøen.
Mandagen for vi litt i butikkar (veldig kjapt). Vi gjekk i parade med uniform, hatt og hanskar. Temperaturen var heile tida rundt 30 + grader. Vi spelte i ei konkuranse. Vi har ikkje fått resultat endå, men det blei ikkje topp-plasering.
Tysdag, i går, sto vi opp tidleg og for til Flamingo Land. Det var dyrepark blanda med tivoli. Så tok vi buss til Tees Valley (?) og derifrå tok vi fly til Gardemoen. Då vi kom til Gardemoen var vi der litt og gjekk litt i butikkar. Då alle var klare med bagasje lasta vi bagasjen til bussen. Klokka kvart på elleve begynte turen til Hareid. Eg klarte å sovne litt før tolv. Klokka tolv vart eg vekt av ein bursdagssong til ein som hadde bursdag. Litt etter det sovna eg igjen. Eg sov til rundt halv tre. Rundt halv tre var dei køyrepause der vi fekk chips og pølse. Eg vakna og sovna litt av og til. Rundt halv åtte var vi plutselig i Volda.... Eg fekk ikkje heilt med med kva veg vi for heller, men eg syns nokon snakka om Stryn. Eg trur eg var vaken til vi var framme.
---
Katedralen i York:















---
Kjøpte noko som heiter brystsele til kaninene. Lovleg å drive kaninhopping med. Kjøpte den mest fordi eg synest den var så fin :-)



Typisk England:



Legg merke til alle Englandflagga. Dette biletet vart tatt før England vart slått ut av VM.



To etasjes-buss! :-) Har sete i ein slik nokre gongar no :-)



Murhus. Har ikkje sett eitt trehus i England.





Giraff i Flamingo Land.



FARM TRAFFIC


Sjå alle måsane.

Landskapbilete.
---
GOTHLAND: Togstasjonen frå Harry Potter.







No er eg heime (naturleg vis) og eg har sett fram til å smake på norskt vatn lenge. Smakte det i natt. Vatnet i England var tilsatt fluor og klor.... Viss nokon lurte, så kom eg til Hareid barnesklulen klokka 09:13














2 kommentarer:

Besta sa...

Kor heldig du er som har fått vore til England. Der har eg aldri vore, enda eg er gammal. Det var sikkert ein fin tur!Gler meg til å høyre meir frå turen!

arieldog sa...

Javisst er du kjempeheldig! Eg har vore i York tre gonger, og ein gong i Scarborough, men aldri i Flamingoland. Såg veldig kjekt ut!